4.11. Krymp

Kommandoen Krymp gjer utvalet mindre ved å flytte kvart punkt på ramma bort frå næraste rammekant, mot midten av biletet. Flyttelengda vert bestemt i dialogvindauget. Eventuelle mjuke kantar vert bevarte, men kan verta noko forandra ved hjørne og skarpe kurver.

4.11.1. Aktivering

Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via Utval → Krymp

4.11.2. Dialogen «krymp»

Figur 16.35. Beskriving av dialogen «krymp»

Beskriving av dialogen «krymp»

Krymp utvalet

Her kan du skriva inn kor mykje utvalet skal reduserast. Normalt vert dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

Krymp frå biletkanten

Denne innstillinga kjem berre til nytt når utvalet ligg heilt ute i biletkanten. Dersom denne kommandoen er aktivert, vil krympinga føre utvalet bort frå biletkanten. I motsett fall vert utvalet verande i biletkanten.